Draumen om nytt signalbygg- og hovudkvarter for Olympic heng i ein tynn tråd. Tomta der bygget skulle stå, kan bli selt til kreditarar, melder smp.no.
Det einaste som ligg att av særleg verdi i det konkursråka selskapet MJ Eigedom, skal vere tomta på Mjølstadneset i Herøy der Stig Remøy har planar om nytt administrasjonsbygg og krillfabrikk.
Selskapet som før 20. desember hadde namnet Olympic Holding AS, vart dagen etter slått konkurs som MJ Eigedom. Etter det ein kjenner til er det ikkje stort att av verdi i selskapet, som ved årsskifet hadde ein bokført eigenkapital på 2,7 milliardar kroner.
Bustyrar Thore Heggen stadfestar at kreditorar med pant i tomta vil ha førsterett til midlar frå eit eventuelt sal , men at det står att å avklare kva eventuelle bindignar som heftar ved tomta, og korleis statusen for eigedommen er.
Heggen stadfester opplysningane frå Nett.no om at dei fire selskapa Ervik Marine Service, Støylebakken, Faerlia Invest og Frode Igeland har pant i eigedomen i samband med ein strid om verdsetjinga av aksjar i eit anna Remøy-selskap, Emerald Fisheries.