Ulstein Pensjonistlag har sendt brev til Ulstein kommune ved ordførar Knut Erik Engh. Dei likar dårleg planane om å slå saman NAV-kontora i Ulstein og Hareid, med Hareid som kontorstad.

Dei skriv at dei hadde handsoppretting på møtet i pensjonistlaget den 12. oktober. Om lag 70 prosent av dei 60 frammøtte hadde ikkje datamaskin. Mange av dei hadde heller ikkje folk som kan hjelpe seg med dette. Dei skriv at for dei hjelp det lite med digitale tenester. Om dei synest det er tungvint og vanskeleg å kome seg til Hareid.

Om kontoret blir flytta til Hareid, håpar dei at dei kan få hjelp ved Ulstein Rådhus. Og då ønskjer dei at dei kan få hjelp utan at det går føre seg ved ein open skranke.

Brevet er sendt ut til Ulstein kommunestyre som i morgon kveld, torsdag, skal ta stilling til om dei godkjenner ei samanslåing av NAV-kontora i Ulstein og Hareid, der Hareid blir vertskommune.

Ranveig Myrene har sendt brev for styret i Ulstein pensjonistlag (arkivfoto)