I Hareid har 7 område hatt folketalsnedgang, mot 3 i Ulstein.
Det er verdt å merke seg at velutbygde bustadområde som Bigset og Geilane i Hareid registrerer til dels stor tilbakegang i folketalet. Forklaringa må vere at det har vore lite nybygging der desse ti åra og at det i mange heimar er slik at borna har flytta ut. Utviklinga for Skeide-området i Ulstein må ha same forklaring.
Det er elles eit klart trekk ved statistikken at område med store jordbruksareal har eit relativt stabilt folketal. Døme på det er Flø, Haddal, Ulstein og Grimstad.
Vi har rangert statistikkmaterialet for begge kommunane. I parentes: folketalet i 2016.
Ulstein område med folketalsauke:
Sundgot 272 (1055)
Ulsteinvik 238 (468)
Holseker nedre 198 (461)
Hofset 191 (870)
Osnes øvre 156 (1027)
Osnes nedre 126 (417)
Saunes 99 (512)
Holseker øvre m/Hofsetmarka 76 (1142)
Dimna 73 (320)
Hasund 63 (504)
Flø 17 ( 181)
Ulstein 14 (272)
Garnes 11 (92)
Ulstein område med folketalsnedgang:
Skeide -11 (269)
Haddal - 2 (413)
Eiksund - 1 (310)
Hareid område med folketalsauke:
Ytre Hareid 247 (1213)
Indre Hareid 148 (456)
Korsnes-Håbakk 109 (423)
Liavågen 85 (628)
Brubakken 39 (429)
Snipsøyrdalen 30 (213)
Brandal-Kvitneset 20 (166)
Øvrelid-Alme 13 (161)
Rise 10 (66)
Grimstad 7 (86)
Brandal-Indredalen 1 (201)
Hareid område med folketalsnedgang:
Bigset - 67 (410)
Geilane - 29 (223)
Bjåstad - 24 (133)
Holstad-Gjerde - 16 (56)
Røyset - 10 (118)
Hjørungneset-Åsen-Overå -9 (166)
Plassane - 2 (31)