Inger Lise Kaldhol orienterer.

Førstkomande onsdag kjem kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol på møtet til levekårsutvalet i Ulstein for å orientere om framtidig organisering av legevakta på Søre Sunnmøre.

Ho har vore prosjektleiar for ei rapport som er utarbeidd. Nye krav til legevaktene gjer at kommunane må sjå på organiseringa av tenesta.

I rapporten blir det foreslått å leggje ein hovudstasjon i indre, ein mindre i ytre + ha ein lege som køyrer rundt på sjukebesøk.

Men ingen ting er vedteke. No er det opp til kommunane å bli samde om korleis organiseringa skal vere, og kvar legevaktkontora skal liggje.

Førebels skal saka opp som orientering, ikkje sak, i levekårsutvalet. Det vil seie at dei ikkje skal gjere vedtak.