Kommunalminister Jan Tore Sanner (Høgre) vil ikkje berre ha færre kommunar. No vil han halvere talet på fylket, og gjere dei om til regionar. Dagens fylkeskommunar har gått ut på dato, seier Sanner.

Han har førebels ikkje lagt fram kva fylke som skal slå seg saman. Dei større regionane vil få større ansvar enn fylka har i dag.

Regjeringa har eit mål om at dei nye kommunane og regionane skal tre i kraft 1. januar 2020.