Måndag 9. mai skal samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på tur til Møre og Romsdal for å få innspel om Nasjonal Transportplan.

På programmet for Solvik-Olsen står mellom anna eit innspels- og høyringsmøte ved Hotel Ivar Aasen i Ørsta, der det blir eigne bolkar om mellom anna Hafast, Møreaksen, Halsafjordsambandet, Rv52, Rv 5 og E39.

Seinare på dagen skal Solvik-Olsen til Ulsteinvik, der han skal innom Ulstein verft.

- Vi er i full gang med å samle inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet, og no står Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for tur. Heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, auka vedlikehaldsinnsats og ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er viktige stikkord for ny Nasjonal transportplan. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen, som skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050, seier Solvik-Olsen i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.