Det nye Oceana-verftet i Itajai, Brasil, har levert sitt aller første nybygg, eit plattform forsyningsskip av PX105-designet frå Ulstein Group. Skipet blei levert til reiarlaget Oceana Offshore 30. mars 2016 og tok til på eit 6-årsoppdrag for Petrobras 1. april. Eit systerskip er også under bygging ved verftet, og er planlagt ferdigstilt innan utgangen av 2. kvartal i år.

Godt samarbeid

I talen ved skipsdåpen i mars 2016, framheva verftsdirektør Paul Kempers kor godt skipet tek seg ut og det gode samarbeidet mellom Ulstein og verftet for å fullføre dette høg-kvalitetsskipet.

– Undervegs på prøveturen fekk eg fleire rapportar frå ingeniørane og kapteinen på dei gode resultata skipet gjorde på fart, drivstofforbruk og sjøeigenskapar, seier han. – Som følgje av erfaringane vi har samla oss frå bygginga av CBO Oceana, er eg overtydd om at byggeframdrifta for skip nummer to vil gå veldig radig.

PX105-designet er ein stor PSV som er veleigna for arbeid i den brasilianske oljeindustrien. Fartøya er 88,9 meter lange og 19 meter breie, og har innreiing for 23 personar. Med ei dødvekt på 4700 tonn tilfredsstiller dei Petrobras sine PSV4500-krav.

Kan ta på seg komplekse oppdrag

Desse skipa kan operere under eit breitt vêrvindauge, og kan ta på seg komplekse oppdrag langt frå land. Skipa har X-BOW®, som minimerer slag og bråstopp frå sjøen. Fartøya er kostnadseffektive og drivstoffgjerrige, og mannskapa får ei meir effektiv kviletid, noko som også aukar sikkerheita.

Storleiken og det breie bruksområdet til desse skipa gjer dei eigna for mange marknader og operasjonar.

Ulstein sin kontrakt med Oceana inkluderer design og ei omfattande hovudutstyrspakke, detaljdesign (engineering) og innkjøpsstøtte.

Oceana Offshore S.A. er finansiert av dei solide partnarane P2 Brazil og BNDES.

Itajai ligg i regionen Santa Catarina, som er ei maritim klynge med verft og relaterte verksemder.