Opplev Hareid får 30 000 kroner i gåvemidlar frå Sparebanken Møre på Hareid. Banksjef Melinda Skeide seier at pengane skal gå til aktivitetar for born og unge.

Banksjefen vil at pengane skal kome flest mogleg til gode, og aktivitetane under Opplev Hareid er open for alle.

– Me vil vere med på ting som kjem mange til gode, forklarer Skeide.

Fleire aktivitetar for born

Opplev Hareid er i år frå torsdag 3. juli til sundag 6. juli. Desse dagane er det fleire aktivitetar for born. For dei yngste er det barnetime på bedehuset fredagen. Dit kjem Trondheimbandet Mandarinsaft.

Redningsskøyta Elias, kjent frå fjernsyn, kjem og tek borna med på ein liten tur fredag og laurdag.

Laurdag kjem det utrykkingskøyretøy til Hareid. Då kan ein sjå, lære og høyre lyden av sirene.

Biblioteket har utfordra barnehagane i Hareid kommune til å levere inn kunstverk i samband med Grunnlovs-jubileet. Til saman blir dette ei utstilling på biblioteket som skal henge under Opplev Hareid, men også utover sommaren.

Melinda Skeide kan opplyse om at Tare kjem til å vere til stades på alle arrangementa for borna.

Reine kroner

– Det er viktig at banken bidreg med reine kroner, takkar Rakel Dyrhaug, dagleg leiar i Hareid Næringsforum.

Det er mange ulike aktørar som bidreg for å få i stand Opplev Hareid. Næringslivet bidreg på ulikt vis. Lag og organisasjonar bidreg med å stille opp desse dagane. Så får dei pengestøtte frå Sparebanken Møre.

– Summen av dette blir veldig bra, oppsummerer Dyrhaug.

Melinda Skeide seier at banken kjem med pengar i forkant så arrangørane av Opplev Hareid kan tore å satse å få til noko skikkeleg.

– Opplev Hareid skal vere ein arena der ein kan møtast, skape identitet og kanskje lære noko, seier Dyrhaug.

Sjølv har ho tenkt seg på fjelltur med Leiv Arne Grimstad sundag 29. juni, der dei mellom anna skal få lære om Kaldalhola. Den hola har heller ikkje Skeide høyrt om.

– Sjølv dei innfødde å har noko å lære under Opplev Hareid, kommenterer Dyrhaug med eit smil om munnen.