Salmar Organic har søkt om dispensasjon frå kommuneplanen i Hareid i høve den planlagte lokaliseringa av eit akvakulturanlegg på Brandal, der dei ynskjer å starte opp lakseoppdrett.

Meir lakselus

Roger Korsnes er uroa over kva eit nytt anlegg vil kunne føre med seg.

– Tidlegare har det vore torsk, men no er det laks det dreier seg om og då er det lakselusa som er bekymringa.

Faren er ifølgje Korsnes at lakseoppdrett på Brandal vil kunne føre til mykje meir lakselus også på villaksen.

– Eg trur også at den fisken som held til i området rundt anlegget vil få dårlegare kvalitet. Dette er noko ein har sett rundt andre liknande anlegg i området, fortel Korsnes.

Eit anna problem med dispensasjonssøknaden til Salmar Organic er at eit nytt anlegg ser ut til å ta større plass enn det gamle torskeoppdrettsanlegget som var på staden.

– Ein mistar eit stort areal for fisking med garn og line. Dette anlegget ser ut til å ville leggje beslag på eit stort område. Ein kan ikkje risikere å setje garn i området dersom det kjem anker så langt inn som det vert skissert, slår Korsnes fast.

Pengar til opprydding

Johan-Peder Brandal har på vegner av Asbjørg Brandal sendt eit innspel til Hareid kommune i høve dispensasjonssøknaden. I brevet kjem det fram at det vert frykta at ein vil miste lakseretten i området og umogeleggjering av fiske etter laks med kilegarn eller not nord for oppdrettsanlegget.

– Når det vert søkt om dispensasjon for å utvikle eit anlegg i eit stort område der ein ikkje lenger vil kunne fiske og vi vil miste fiskeretten så må ein gjere innvendingar på det, fortel Brandal.

Han seier også at han ikkje er negativ til drift i Brandal, men han er redd for kva som vil skje dersom Salmar mistar interessa for anlegget.

– Vi må kunne ha næringsliv, men eg er klok av skade. Dersom dei som driv på trekkjer seg ut, så vert merdane liggjande att. Før dei byrjar med noko, så burde det setjast av pengar til opprydding i tilfelle dei på eit seinare tidspunkt ikkje kan halde fram drifta, meiner han.

Strenge krav

Dagleg leiar i Salmar Rauma, Ingjarl Skarvøy, fortel at Salmar ynskjer meir biomasse i anlegget i Brandal, men at det også er andre krav til godkjenning for eit lakseanlegg, enn det var for det gamle torskeanlegget og at dette fører til at ein vil trenge meir plass. Han forsikrar også at det framleis vil vere mogeleg å fiske i området.

– Det vil vere eit område på hundre meter rundt merdane der det ikkje vil vere lovleg å fiske, men elles kan ein fiske nokolunde nær anlegget. Sjølve fortøyingane vil ligge djupt, så dei skal ikkje skape vanskar i så måte.

Skarvøy trur ikkje det vil verte merkbar auke av lakselus på villaksen grunna eit nytt anlegg.

– Det er lakselus på laksen, men vi må halde oss til strenge reglar frå Mattilsynet. Vi har god kontroll over nivået og om det skulle kome over eit visst nivå, så vert det gjennomført ei avlusing, fortel Skarvøy og legg til at det ikkje vil vere eit større problem på Brandal enn på andre lokalitetar i Møre og Romsdal.

Tilfører arbeidsplassar

Ordføraren i Hareid har tidlegare uttrykt håp om at anlegga kan skape vekst på sikt og potensielt nye arbeidsplassar. Ingjarl Skarvøy fortel at dei to anlegga totalt kan nærme seg 25 tilsette.

– Når biomassen er på topp så vil det vere ti til tolv tilsette ved kvart av anlegga i Brandal og på Hjørungneset, elles vil det vere seks til åtte.

Tidlegare yrkesfiskar Roger Korsnes er ein av dei som er uroa for framtida til villaksen i Brandal (arkivfoto).