Prisen "Årets handelsbedrift" er oppretta av Nordea, og målet med prisen er å betre kvaliteten og servicenivået innan handelsnæringa. Overvåg as har fått prisen ein gong tidlegare, og Greta Overvåg vart svært overraska då avdelingsbanksjef Bergsvein Øvrelid i Nordea Sunnmøre Sør og Leif-Per Breivik, Nordea Ulstein brått stod i butikklokalet med både blomar og diplom. – At vi skulle få ein slik pris no igjen har ikkje vore i tankane mine. Men vi hadde det beste året nokon sinne både når det gjeld omsetning og inntening, så slik sett passar det ikkje så dårleg, smiler Greta Overvåg. Men i juryen som har plukka ut vinnaren har vore Heidi Myklebust, Vikebladet Vestposten, Odd Petter Meinseth, Ulstein Marknadsforum og Leif-Per Breivik, Nordea. Dei har lagt vekt på at Overvåg er ein butikk med dyktige og serviceinnstilte medarbeidarar, eit godt vareutval og med fine utstillingar og reklame. STORT KUNDEGRUNNLAG Juryen har også lagt vekt på at Overvåg har eit kundegrunnlag som strekkjer seg langt utom Ulsteinvik sine grenser, og at butikken er ein viktig aktør for handelsnæringa i Ulstein. På spørsmål frå avdelingsbanksjef Bergsvein Øvrelid om butikken ikkje har merka noko av finanskrisa, svarer Greta Overvåg slik: – Så lenge renta held seg låg og folk ikkje er permitterte, så prioriterer sunnmøringane å kle seg pent. Dei treng kle på jobb. Ho fortel at kundegruppa hittil har vakse, og at det stadig kjem nye kundar til. Det var mor til Greta, Ragnhild Overvåg, som starta butikken, og no står tredje generasjon og bankar på døra. – Så no går eg inn i ein fase der eg skal leggje til rette for tredje generasjon, slik mor mi gjorde for meg, smiler Greta Overvåg.
Nyhende →
Overvåg – Årets handels-bedrift 2009 i Ulstein
– Årets vinnar har vist evne til å tilpasse seg nye rammevilkår raskt, sa Bergsvein Øvrelid då han overrekte blomar og diplom til ei overraska og lett rødmande Greta Overvåg i Overvåg as.