Vedtaket vart gjort med 14 mot 11 stemmer. Vedtaket var eit høyringsvedtak og gav dermed det tidlegare nedleggingsvedtaket ei endeleg stadfesting. Frå før har Hareid kommunestyre lagt ned storskulen i Brandal. I kommunen sine vedtaksprotokollar står det no at Hareid skule skal ha Hareid krins og Brandal krins som opptaksområde for 1. til 7. klassesteg. Det er venta at vedtaket vil medføre at Brandal friskule utvidar tilbodet til å gjelde alle barneskulesteg, d.v.s. 1.-7.-klasse. I dag er det berre 5.-7.-klassingane som går på friskulen. Saka vart drøfta i om lag ein time. Etter eit gruppemøte på eit kvarter gjekk partane til avstemming. Dei to KrF-arane Dag Snipsøyr og Irene Follestad Rise argumenterte sterkt for å halde oppe det offentlege skuletilbodet i krinsen. Også Venstre-representantane Greta Kirkebø og Annika Brandal talte eintydig for offentleg skuletilbod i Brandal. Ordførar Gunn Berit Gjerde (V) gjekk inn for nedlegging i det ho hevda at kommunen vil spare seg 700.000,- kroner det første året og seinare 1,5 mill. kroner pr. år på å legge ned småskulen i Brandal – også om dette fører til friskule for alle aldersstega i Brandal. Dei som stemte for å halde oppe den offentlege småskulen i Brandal var: Annika Brandal, Greta Kirkebø og Ola Leiv Grimstad frå Venstre - Jon Gjerde frå AP - Bente Giskeødegård Jonsson frå SV - Dag Snipsøyr og Irene Follestad Rise frå KrF og Oskar Grimstad, Perny Ann Nilsen, Maybritt Almli og Åge Haavik frå FrP. Leiar i aksjonsgruppa for Brandal skule, Dag Audun Eliassen, seier at brandølingane no må bu seg på å få 1.-4.-klassingane i bygda inn under friskuleordninga. - Vi har løyve, men det er eit år til det er aktuelt - og i mellomtida skal vi ha eit val, kommenterer han. Eliassen ser derfor ikkje bort frå at det enno kan vere muleg å få til eit anna vedtak.