Sidan midten av februar har det vore eit hundeliv i heimen til Edgar Gjerde og Ann Magritt Hatløy i Geilane på Hareid.

Den fem år gamle tispa “Mosik”har vore på vitjing hos “Nero” storpuddelen til Terje Grønmyr i Ulsteinvik. Og resultatet kom altså i februar.

– Mosik vekte oss då fødselen starta. Vi rekna med at ho skulle få 5 eller 6. Men ut rausa det ti kvelpar, fortel Edgar Gjerde. Han har gått frå å vere motstandar av storpuddel, til å digge dei.

– Det var Ann Magritt som klarte å overtale meg. Eg har før meint at pudlar var jålete hundar. Men eg hr oppdaga at dei er både kloke, snille og topp familiehundar. I tillegg har “Mosik” synt seg å vere ei god mor. Ho har heile tida eit årvake blikk på kvelpane sine, oppdraginga er alt godt i gang.

Ho har full kontroll på dei små når dei er ute på plenen. Til påske er pudlane klare til å få seg nye heimar. To er alt tinga bort. Men viss det er nokon andre som er interesserte i ein reinrasa storpuddel er det berre å ta kontakt med Edgar Gjerde eller Ann Magritt Hatløy på Hareid. Der er det flust å velje mellom.