Hareid formannskap handsama saka torsdag. Foto: Anne Gry Eilertsen

Saka skal til endeleg handsaming i Hareid kommunestyre torsdag 20. mai. Kraftutbygginga starta i Indredalen i 1917, og produksjonen tok slutt i 1954.

Innbyggjarinitiativet meiner det er på tide at gardsbruka får tilbake dei gamle rettane, som dei gav frå seg til fordel for kraftproduksjon til folket i Brandal.

Skal greie ut kraftverk

Men fleirtalet i Hareid formannskap år kommunestyret til å avklare om det er tilfredsstillande økonomisk grunnlag for å byggje ut eit småkraftverk i Indredalen i Brandal.

Rådmann Arne Gunnar Aschehoug fekk i formannskapet torsdag nokså nær full utteljing for tilrådinga si. Forslaget hans vart justert med nokre tillegg i punkt 3, pluss eit ekstra punkt 5, som Anders Riise (H) lanserte.

Tilråding til kommunestyret:

Dette er tilrådinga som no går Hareid kommunestyre:

1. Kommunestyret viser til gjeldande rettstilstand og finn ikkje å kunne godta innbyggjarinitiativet fordi kommunen ønskjer først å avklare om det er tilfredsstillande økonomisk grunnlag for å byggje ut eit småkraftverk i Indredalen i Brandal.

2. Kommunestyret ber rådmannen gjennomføre ei utgreiing som grunnlag for å avklare problemstillinga under pkt. 1. Kommunestyret ber vidare om at kostnadene med ei slik utgreiing vert innarbeidd i budsjettforslaget for 2011.

3. Utgreiinga skal utførast av konsulentar med solid fagleg og økonomisk kompetanse, og resultatet av utgreiinga skal leggjast fram for kommunestyret til endeleg avgjerd innan utgangen av 2011. Dersom kommunen finn at det ikkje er tilfredsstillande økonomisk grunnlag for å utnytte grunn og rettar til kraftproduksjon, vil kommunen med unntak av damanlegg vurdere om det skal tilbakeførast grunn og rettar til dei einskilde opphavlege eigedomane. Kommunestyret vil i eiga sak avgjere vilkåra for ei slik overdraging.

4. Dersom kommunen vel å byggje ut eit småkraftverk, skal grunn som ikkje er naudsynt for anlegget anten nyttast som byttemiddel for erverv av ny grunn om det er behov for det, eller tilbakeførast til dei opphavlege eigedomane.

5. Hareid kommune skal sikre røyrgata og rydde opp det utleigde arealet.