Saka skal til handsaming i Hareid formannskap torsdag 14. januar. Rådmann Arne Gunnar Aschehoug ser på Kystvegen Ålesund-Bergen som eit svært viktig samferdselsprosjekt, der Hareid fastlandssamband vil inngå. Selskapet Kystvegen Ålesund-Bergen er tenkt å vere ein påverkingsinstans med målsetjing om å få realisert Kystvegen innan utgangen av inneverande planperiode (2019). Det inneber at det må setjast inn eit vesentleg trykk mot styresmaktene både på fylkes- og riksnivå. I tillegg må det leggjast fram konkret faktadokumentasjon om einskildprosjekta på strekninga.
Nyhende →
Hareid melder seg inn i selskapet Kystvegen Ålesund-Bergen
Rådmannen foreslår at årskontingenten på inntil 15.000 kroner vert løyvd frå reserverte tilleggsløyver i 2010, og deretter innarbeidd i økonomiplanen.