Foto: pressefoto

Det var første gongen SpareBank 1 Søre Sunnmøre arrangerte eit slikt treff for sine sponsorat, fortel marknadssjef Lillian Breivik.

Tordag 20.mai var lag frå både Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy tilstades på Ivar Aasentunet. Frå Ulstein kommune var det mange som møtte, både frå kultur og idrett. Her var folk frå Trebåtfestivalen, Hødd Fotball, Haddal IL, Hødd turn, syklist Martin Notøy Haddal, for å nemne nokre.

Programmet for kvelden var variert med informasjon frå banken, der Breivik fortalde kvifor banken sponsar og kva dei krev tilbake frå laga og organisasjonane. Ho fortalde òg om bakgrunnen for det nye namnet, SpareBank 1 Søre Sunnmøre, er.

"Kjellen" frå Klypa stod for nokre artige innslag. Det heile vart avslutta med ei oppsummering frå banksjef Harald Dahl.

- Det er viktig at me har ein møteplass for lag og organisasjonar der ein kan treffast. Lag og organisasjonar sit gjerne med dei same utfordringane. Og dele utfordringar og suksesshistorier over ein kaffi og eit kakestykke er nyttig. Å etablere ein arena der ein kan møtast trur me er viktig. Det er kjekt å få tilbakemeldingar om at lag og organisasjonane synest at dette var nyttig, og at dei håpar at det blir arrangert fleire gonger, seier Lillian Breivik som koordinerte arrangementet.