Etter fallulukka frå demninga ved Lisjevatnet tidlegare i haust, sende Ulstein kommune brev til Tussa. Kommunen bad Tussa sjå på sikringa/avsperringa av demningskanten.

Tussa har no vore på synfaring i området og vurdert tilhøva. Dei svarer at dammen om avsperringane vart bygde for mange år sidan. Opphavleg har det ikkje vore tenkt at damkruna skulle vore nytta som gangsti for ålmenta og tilkomsten og har difor vore sperre med eit lite gjerde på tvers av demninga. Stien går nedanfor dammen. Ved synfaring såg Tussa at stien var i bruk.

Vil setje opp gjerde

Tussa meiner at det ikkje er noko alternativ å gjere gangpassasjen over damkruna tryggare. Ved flaum kan det føre til oppstuving og overfylling av dammen. Så for å unngå liknande ulukker, vil Tussa setje opp eit større gjerde, for å gjere avsperringane meir tydelege.

Samstundes vil dei utbetre stien og området nedstraums dammen og med det gjere stien meir synleg og brukarvennleg. Dette arbeidet håpar dei å få gjort i år, om ikkje blir det tidleg neste år.

Gjennomgang av rutinar

På rektormøtet i slutten av september vart det orientert om fallulukka, og krisehandtering både i dåtid og ettertid. Der var det semje om ein gjennomgang av felles rutinar for alle skulane ved eit seinare høve.