Magne Grimstad Jr. er glad for at bedrifta oppfyller krava for å kome på Gasellelista i Møre og Romsdal.

For å oppfylle kriteria må dei:

- Levere godkjende rekneskap

- Minst dobla omsetninga på fire år

- Omsetning på over ein million første året

- Positivt samla driftsresultat

- Unngått negativ vekst

- Vore aksjeselskap

På Gasellekonferansen for Møre og Romsdal fredag 5. november blir det klart kven som er årets gaselle.

Magne Grimstad Jr. takkar dei tilsette, rekneskapsførar, revisor, styret og aksjonærar.

– Me har all grunn til å gratulere oss sjølve. Eg vil uttrykke ein stor takk – ikkje minst til dei tilsette, skriv han i ei pressemelding.