Sidan nyttår har dørene vore stengde ved Posten Kafé og vinbar. Men frå i morgon av blir det igjen høve til å stikke innom etablissementet ved loket i Hareid sentrum, for ein kopp kaffi eller noko å bite i. Dei nye drivarane, med Mariwan Ibrahim i spissen, vil satse på eit litt anna tilbod enn det som var i lokalet frå før. Spesialiteten blir italiensk pizza i mange variantar. I tillegg blir der kebab, salatar, smårettar og barnemenyar. Kaféen blir open kvar dag, også søndagane. – Vi ønskjer både nye og gamle kundar velkomne, smiler Mariwan Ibrahim.
Nyhende →
Nyopning på Hareid
I morgon, laurdag, opnar Ostello Posten Kafé og Vinbar på Hareid