Garneskrysset i dag (Foto: Sunnmorskart.no)

Dei som vil kome med innspel til planarbeidet må kome med desse innan 21. juni.Tidsplanen vidare er å legge ut planen til offentleg ettersyn i haust med ein høyringsfrist på minimum seks veker.

Vona er at Ulstein kommunestyre kan godkjenne planen tidleg i 2011. Deretter kan vegvesenet starte grunnforhandlingane.

Det blir ikkje gitt nokon lovnad om når prosjektet blir realisert. Førebels tek vegevesenet sikte på å bygge eit kollektivknutepunkt i 2011. Resten av prosjektet - d.v.s. sjølve rundkøyringa - vil ta lenger tid.

I vegvesenet si kunngjering av planarbeidet merkar vi oss at sjølve utforminga av rundkøyringa vil vere utfordrande “med tanke på å få nok avbøying slik at farta vert tilstrekkeleg redusert.

”Kollektivknutepunktet ved Garneskrysset vil medføre kortare reisetid og sparing av "produksjon" for bussane frå Ørsta/Volda på dei fleste avgangane. Dermed kan det også bli høve til å auke talet på avgangar mellom kommunane slik at busstilbodet også blir meir attraktivt.

Totalt må det vere sett av areal til at seks bussar kan møtast i kollektivknutepunktet.

Trafikkteljingar viser ein årsdøgntrafikk (ÅDT) gjennom krysset i retning Ulsteinvik på 5800, medan ÅDT i retning Fosnavåg er på 5000 og ÅDT i retning Eiksund 2250.

Vegvesenet nemner at det har vore problematisk at riksveg 61 har hatt stoppeplikt for fylkesvegen mot Eiksund når trafikken på denne riksvegen er meir enn dobbelt så stor som på fylkesvegen.