Då det nye hotell- og kulturhuset stod ferdig skulle det eigenleg vore på plass ei ny rundkøyring i krysset Nesevegen/riksvegen. Men arbeidet med rundkøyringa vart utsett, og teknisk utval i kommunen vedtok i desember i fjor å gje ein mellombels dispensasjon frå reguleringsføresegnene for Saunesosen, slik at hotell og kulturhuset kunne takast i bruk. Arbeidet med opparbeiding av Nesevegen og ny rundkøyring er eit spleiselag mellom kommunen, fylket og Statens vegvesen. Kommunen har sett av fem millionar til arbeidet, kan teknisk sjef Elling Indresøvde i Ulstein kommune opplyse om. Det er Statens vegvesen som er byggherre, og dei skal ha meldt ifrå om at det trengst meir pengar. Men den store pågangen i byggjeaktivitet har pressa opp prisane, noko som gjer at prosjektet kan bli dyrare enn planlagt. Sidan prosjektet ikkje er finansiert, har det heller ikkje vore lagt ut på anbod. Vegvesenet har hatt eit møte med kommunen, men det vil bli fleire avklaringar om prosjektet utover hausten, seier Indresøvde.

Omfattande

Indresøvde forklarer at prosjektet har auka i omfang etter kvart som dei har arbeidd med det. Det er fleire moment som heng saman. Det skal lagast miljøprioritert gjennomkøyring i Sjøgata (den såkalla miljøgata), det skal lagast rundkøyring i krysset Nesevegen/riksvegen, Nesevegen skal byggjast om og brua ved hotellet høyrer med i prosjektet. Det er ein del utfordringar som må løysast, vedgår Indresøvde.

Etterlyser framdrift

Det er Vest Bygg AS som byggjer huset på Sauneset som Rema 1000 med tida skal flytte inn i. Lindor Skeide i Vest Bygg AS har sendt brev til Ulstein kommune der han etterlyser svar på når rundkøyringa skal vere ferdig. Men han har ikkje fått noko skriftleg svar frå kommunen. Vest Bygg AS har planar om å ha ferdig ein del av leilegheitene i det nye huset til jul, Rema 1000 skal inn 1. februar, resten av leilegheitene skal byggjast ferdig januar-februar og kontora skal stå ferdige i mai. Så Skeide kunne godt tenkt seg å få vite når rundkøyringa kjem.

Håplaust utan rundkøyring

Butikksjef Jonny Mork er frustrert over at ingen kan svare på når den planlagde rundkøyringa kjem. Han syner til kaotiske tilstandar på Nesevegen alt i dag. Mork aksepterer ikkje ei overtaking av dei nye lokala før vegløysinga er på plass. Det er heilt naudsynt å få den nye vegtraseen på plass. Her er kaotiske tilstandar når det er arrangement på kulturhuset. Då står det bilar overalt. På ettermiddagane er det håplaust å kome seg innpå bilvegen frå Nesevegen, forklarer Mork og ser det som uaktuelt å opne kolonialforretning på eit område der kundane vil ha problem med å kome seg til og frå butikken. Butikken får jamleg påfyll med varer frå store lastebilar og vogntog. Om det ikkje skjer noko med Nesevegen før butikken flyttar inn, vil vogntoga sperra heile vegen kvar gong butikken får nye varer. Eit anna problem er parkering. Rema 1000 får ikkje bygt ferdig parkeringsplassen sin før dei veit kvar den ombygde Nesevegen skal gå. Å starte butikk i slikt kaos freistar lite. Men Mork fryktar endå meir at arbeidet med rundkøyringa og vegen skal starte opp etter han har flytta inn i dei nye lokala. Han kan ikkje drive butikk på ein byggjeplass der bilane ikkje kjem seg fram. Eg kan ikkje vente utover hausten på noko svar. Eg må ha ein dato no, krev Mork. Mork meiner kommunen driv med dårleg planlegging. Dei har lenge visst at hotellet med kulturhus skulle kome på Saunesosen. Då burde dei greie å få på plass høveleg vegavvikling, meiner han. Det er ei pussig form for planlegging. Vegane bør kome før husa, seier Mork.

Både vinter og vår

Når butikksjef Mork får høyre at kommunen seier det er Vegvesenet som er byggherre, er han redd det både kan gå vinter og vår før rundkøyringa kjem. Mork fortel at han har investert ein stad mellom 18 og 20 millionar i nye lokale, nytt utstyr og inventar. Då kan han ikkje leve med å vente på at trafikkavviklinga kanskje kjem på plass neste sommar. Han kan heller ikkje skjøne at det skal løne seg for kommunen å vente. Jo lengre dei ventar, jo dyrare blir det, spør Mork. No som det er val vil han utfordre politikarane til å ta grep. Mellom anna vil han sende ballen over til Tor Meinseth og Hannelore Måseide.

Ultraviktig

Tor Meinseth (H) kan opplyse om at han handlar på Rema 1000 kvar einaste dag. Han kan godt forstå frustrasjonen til Jonny Mork. Å få på plass den omtalte rundkøyringa er så ultraviktig at her bør kommunen ta grep. Det går for tregt med Vegvesenet. Det veit me mellom anna frå arbeidet med Krushammarvegen, varslar Meinseth. Sitjande ordførar, Hannelore Måseide (Ap), forsikrar om at dette er ei viktig sak for kommunen. Den rundkøyringa er eit prosjekt der kommunen må få med seg Vegvesenet. Rundkøyringa må på plass så fort som mogleg. Kommunen har sett av mykje pengar, så her arbeider me med å få til dette i dialog med vegvesenet, svarer Måseide og kryssar fingrane.

Kastar ballen vidare

Teknisk sjef Elling Indresøvde sende som sagt ballen over til Richard Lunheim, seksjonssjef i Statens vegvesen, då Vikebladet Vestposten etterlyste framdrift i arbeidet med rundkøyringa. Men Lunheim kastar ballen tilbake til Ulstein kommune. Denne gongen til assisterande rådmann Verner Larsen. Lunheim kunne stadfeste at Statens vegvesen hadde hatt møte med Ulstein kommune like før sommaren. Der kom det fram at prosjektet har eit grusamt underskot på pengar, såleis er ballen spela over til kommunen att, hevdar Lunheim. Men er det ikkje sånn at prosjektet skal vere eit spleiselag? Det er openbart at dette ikkje er noko Statens vegvesen skal bruke pengar på, svarer Lunheim og ber avisa ringje Verner Larsen. Dette skal han få ordne opp i, avsluttar Lunheim.

Ventar på Sjøsida

Verner Larsen forklarer at rundkøyringa heng saman med den miljøprioriterte gjennomkøyringa som skal skje med Sjøgata. Vegen er delvis ein fylkesveg og delvis ein riksveg, held Larsen fast på. Men forklarer vidare at det er to faktorar som er utløysande for at det må gjerast noko med vegen. Det eine er hotell og kulturhuset, det andre er planane langs Sjøsida. Vegvesenet meiner då at utbyggjarane langs Sjøsida skal vere med å finansiere vegprosjekta. Men kommunen ventar framleis på avklaring frå departementa om dei får byggje ut Sjøsida. Den miljøprioritert gjennomkøyring skal gå frå Sauneset, langs heile Sjøgata til Geileneset. Den planlagde rundkøyringa skal fordele trafikken forbi legesenteret mot Amfi, langs Sjøgata og til Sauneset. Planane for området rundt rundkøyringa er klare, men Vegvesenet sa på sist møte ifrå om at dei ikkje byrjar arbeidet før finansieringa med heile den miljøprioriterte gjennomkøyringa er på plass, melder Larsen. Larsen oppsummerer at det er to faktorar som må vere på plass før noko meir kan skje i saka. For det første må kommunen få ei avklaring på om Sjøsida kan byggjast ut. For det andre må prosjektet fullfinansierast. Når det gjeld det siste kan Larsen opplyse om at kommunen har hatt møte med fylket, for å få dei til å ha prosjektet inn på vegbudsjettet sitt, som dei byrjar på like over nyttår.