Katten tilhøyrde Kristin Myrene og var om lag 15 år gamal. André Gjerde brøytar i Ringstaddalen. Då han kom køyrande framme på Moldskred såg han noko svart i vegbana eit stykke framme. - Først tenkte eg at det kunne vere eit menneske, men så såg eg dei digre vengane. Ørna stod lenge og heldt i katten og prøvde å få han over brøytekanten. Eg var vel berre 20-30 meter ifrå då han slapp taket og flaug sin veg. Seinare var ørna fleire gonger tilbake og dreiv og reiv opp katten. - Det var eit groteskt syn. Eg vi tru det kalde vintervêret den siste tida har gjort ørna svolten, og at ho då begynner å sjå seg om etter alternativ kost. Miljøvernleiar Alv Ottar Folkestad, som har henta katten, fortel at ørna også kan ta små hundar.
Nyhende →
Ørn tok katt i Ringstaddalen
Laurdag tok ei kongeørn ein katt i Ringstaddalen. Snøbrøytar André Gjerde kom frampå ørna då ho sat og fortærte katten midt i vegbana.