Det er tungtrafikken og møtande sentrisk køyrande vogntog han er bekymra for. To lastebilar vart torsdag skadd etter at dei måtte legge seg ut i fjellveggen for å unngå kollisjon, og Myklebust tenkjer med gru på konsekvensane om ein buss med mange passasjerar skulle måtte gjere det same. Lensmannen har gjort fleire førespurnader til vegvesenet om å tryggje ferdsla og får full støtte frå ordførar Arnulf Goksøyr, skriv Vestlandsnytt.