Då Kreftforeninga spurde russen på Ulstein vidaregåande skule om dei kunne tenke seg å vere med på innsamlingsaksjonen "Krafttak mot kreft", svara dei ja med ein gong. Det er ikkje fyrste gongen russen har vore med å samla inn pengar for kreftforeininga. Faktisk er russen i Møre og Romsdal er dei flinkaste til å samle inn pengar i forhold til andre fylke. Krafttak mot kreft er ein årleg landsdekkjande aksjon. Kreftforeninga har ikkje statleg støtte og er avhengig av frivillig hjelp. Pengane frå årets aksjon skal gå til rehabilitering. Målet er å gi betre tilbod til kreftpasientar. Det å kome tilbake til eit vanleg liv etter å ha vore sjuk av kreft kan vere vanskeleg. Det finst i dag berre eitt rehabiliteringssenter, Montebello i Lillehammer, og behovet er mykje større. Målet er å få eit godt tilbod for folk som kjem ut frå sjukehuset. - Kreft er noko alle har kjennskap til. Dei fleste kjenner nokon som har eller har hatt kreft. Eg er veldig glad for at russen her på UVS ville stille opp. Det er veldig mykje kjekk ungdom, alltid positive til å hjelpe. Eg ynskjer alle lykke til med aksjonen og håper dei vert godt motteke, seier marknadskonsulent seksjon MidtNorge Bjørg Anne Aalekre. Elevane på skulen kan gå i sine heimekommunar, så det kjem russ på dørene fleire stader enn i Ulsteinvik. Russepresident Line Cathrin Myklebust fortel at overskotet til årets russeavis skal gå til kreftavdelinga på Åse, så det å støtte kreftsaka er eit tema i årets russefeiring. - Vi er med for å vise at vi er ikkje berre er ute med tull og fanteri, men at vi er ein gjeng ungdomar som bryr seg. Det er ein del fordomar mot russen, så det er fint at vi for vise ei meir positiv side. Det er 185 russ på skulen i år, og eg håper så mange som mogleg deltek, oppfordrar russepresidenten. I aksjonskomiteen sit også Inger Anne Dimmen frå Frivilligsentralen. Ho vil hjelpe russen med ein del praktiske ting under aksjonen.