Vikebladet Vestposten har lenge spurt Holstad om det er noko i rykta som har gått, men har kvar gong fått berre eit løyndomsfullt smil til svar. Men onsdag kveld slapp han det som kan kallast, i alle fall ei lita ei, politisk bombe i Hareid: Holstad har svinga seg eit hakk til venstre, frå partiet Venstre til listetoppen på kommunevallista for Arbeidarpartiet i Hareid. Men han understrekar at nominasjonsmøtet ikkje har funne stad enno. Møtet blir først i slutten av mars. Det korrekte er at eg har stilt meg til disposisjon som listetopp og ordførarkandidat. Så får det bere eller breste under nominasjonsmøtet, poengterer han. Dei siste 10 åra har Hans Gisle Holstad vore oppvekst- og kultursjef og skulesjef i Hareid. Men han er på ingen måte nokon novise i lokalpolitikken. I fire periodar, 16 år, sat han i kommunestyret for Venstre. I to av periodane sat han også i formannskapet, og han har vore med i teknisk styre, sosialutvalet, skulestyret og helse- og sosialutvalet. Fram til 1995 var han medlem i Venstre. No har han altså skifta parti.

Eg har blitt meir og meir oppteken av fellesgoda

I løpet av dei siste 10 åra har eg blitt meir og meir oppteken av fellesgoda. At fellestenestene i samfunnet ikkje skal forsvinne. Venstre med Sponheim i spissen har vendt seg meir mot høgre. Eg fryktar privatisering av barnehagar, forsikring, pensjonsordningar, omsorgstenester og eldreomsorg. Først og fremst fordi eg er redd det fører til den sterkastes rett. Derfor har eg blitt meir og meir sosialdemokrat, forklarer han. Holstad meiner at det i første rekke er på sentralt hald skilnaden på dei politiske partia viser seg. På lokalplanet er politikarane meir opptekne av lokale saker. Lokalpolitikk fordrar eit godt samarbeid på tvers av partia for å få til gode løysingar. Får vi 4-5 politikar som bikkjeslæst i eit kommunestyre, då har vi tapt, kommenterer han. Her tek Holstad eit sprang tilbake til norsk etterkrigstid. Då var partia samde om å satse på ein del saker for å reise samfunnet. Slik bør vi tenkje også her i kommunen. Skal Hareid bli så god som råd å bu i, bør vi samle oss om dei fleste sakene.

Gode oppvekstvilkår

Kva blir dei store sakene i Hareid i neste valperiode? Det vil eg ikkje seie noko om. Arbeidarpartiet jobbar no med programmet, så det får vi kome tilbake til. Ein liten gløtt på politiske saker som du brenne for, må du kunne gje oss - ? Gode oppvekstvilkår for born og unge er uhyre viktig. Eg meiner også at det er viktig å jobbe for at utdanningsnivået i Hareid skal auke. Dessutan må her vere godt å bu også på våre eldre dagar. Hans Gisle Holstad har altså vore oppvekst- og kultursjef, den siste tida skulesjef , i 12 år.

Lyst til å vere der sakene blir avgjort

Er du lei no? Nei. Å vere oppvekstsjef er ei både interessant og travel oppgåve. Men til sjuande og sist ligg avgjerdene i kommunestyret. No ønskjer eg å få vere ein som tek avgjerder. Kan du røper kva saker du som oppvekstsjef har vore djupt usamd med kommunestyret i? Nei, det vil eg ikkje, kjem det kontakt og bestemt frå Holstad. Skulestriden har vore lang. Har det vore til skade for Hareid? Alle stridar som går over lang lang tid vil gnage. Både privat og offentleg. Derfor er det viktig å gjere seg ferdig med ei sak. Meir vil eg ikkje seie, svarar Holstad. Han er mykje lettare å få på glid når han får snakke om Hareid kommune. Då gløder det bak brilleglasa. Eg har alltid vore glad i Hareid kommune, det har vore godt å bu her. Eg vaks opp med ei rekke aktivitetar som eg fekk vere med på. Etter at eg kom heim frå studiar har eg engasjert meg i ulike aktivitar. Kommunen har gitt meg mykje. Skal eg gjere ein innsats som ordførar må det bli no eller aldri, forklarer Hans Gisle, som er 62 år gammal. Med erfaring både frå administrasjonen og politikken skulle han ha ein god ballast med seg inn på ordførarkontoret. Den nye toppkandidaten for Arbeidarpartiet vedgår at han har brukt tid på å bestemme seg for om han skulle takke ja til tilbodet om å vere ordførarkandidat. Å vere ordførar er eit av dei viktigaste verva du kan ha i ein kommune, og eg veit godt kva det inneber av arbeid. Men lysta til å få vere med på å skape ein endå betre kommune tok overhand.

Idealisme er drivkrafta

Blir han ordførar er Holstad innstilt på hard jobbing, og han trur idealismen er drivkrafta bak all handlekraft i politikken. Han ser på engasjement som ein føresetnad for å kunne få til nye ting. Men, seier han, og rettar ein peikefinger mot journalisten: Alle politikarar er avhengig av tilllit, og Arbeidarpartiet har ikkje hatt nominasjonsmøte enno. Hareid kommunestyre har sagt nei til direkteval på ordførar. Etter valet må det forhandlingar til mellom partia. Blant anna om kven som skal få ordføraren. Dersom det skulle skje at Holstad får plass i kommunestyret, men ikkje blir ordførar, må han halde fram som skulesjef ei stund til. Og då må neste person på Arbeidarpartilista rykke inn på plassen hans. Å kombinere kommunestyrevervet med skulesjefstillinga er uråd. Blir eg nominert, og blir eg valt til ordførar, så skal eg leggje stor vekt på å finne fram til klare, felles strategiar på tvers av partia, slik at Hareid kan bli ein endå betre kommune å bu i, lovar han.