Til møtet i Hareid formannskap komande torsdag tilrår rådmannen å gjennomføre flyttinga i år. Det er først og fremst behovet for større lokale som påskundar flyttinga. Hareid kommune kjøpte ei tid dagsentertenester av Ulstein kommune. Men frå 1. april fekk kommunen eit eige dagsenter (Zanzibar) i tredje høgda av Sparebanken Møre like ved Bank-krysset - med 116 kvm til disposisjon. Behovet for meir plass kjem av ein auke i talet på brukarar.
Kjøpt av foreldre
Det er foreldra til ein av brukarane som har kjøpt "Follestadhuset" - huset der forretninga "Follestad & Co" heldt til før i tida - og der det også seinare har vore ymse forretningstiltak. I første mogang er det snakk om å nytte 135 kvm i første høgda, men det vil vere høve til utviding i den andre høgda etter kkvart som behovet aukar. Huseigarane har tilbode kommunen å vere med på prosessen med å utvide lokala etter eigne behov. Går dette gjennom i formannskapet, får rådmannen i oppdrag å framforhandle ein leigeavtale, som så skal godkjennast i formannskapet. Det er ikkje snakk om auka leigeutgifter i 2007. Men partane er innforståtte med at auka areal vil gi ca 10.000 meir i husleige i 2008.