Førre veke hadde Sande og Vanylven felles formannskapsmøte for å diskutere kystvegen - riksveg 61, frå Florø til Ålesund. Dei to kommunane har ikkje heilt samanfallande meiningar om kvar denne vegen bør gå. Varaordførar Tormod Vattum i Vanylven tok i følgje Sunnmørsposten bladet frå munnen: - Det er viktig at vi greier å samle oss om ei line. Viss de ikkje set i gang med regulering av tunnel frå Årvik til Skogevatnet, så må vi vurdere om vi vil halde fram med å støtte Sande fastlandssamband. Men sandepolitikaren Arne Dyrhol (H) repliserte: - Vårt problem er øyriket Sande. Vi løyser ingenting ved å presse fram tunnel. Tunnelen betyr ingen ting for Sande, absolutt ingen ting.