Ulstein eldreråd har blitt oppmoda frå Ålesund eldreråd om å ta på seg å arrangere "Eldrerådskonferanse for Sunnmøre 2007". Etter eit kort ordskifte på eldrerådsmøtet, kom Ulstein eldreråd fram til at dei skal takka ja. Konferansen blir i slutten av oktober og truleg lagt til Alvehaugen. Ulstein eldreråd sette ned ei nemnd som skal arbeide vidare med konferansen. Dei som sit i nemnda er Asbjørn Flø, Karin Ertesvåg og Tor Meinseth.