Då skjenkekontrollørar var på Kaffebaren 15. juli i år såg dei fleire personar som drakk alkohol utandørs etter halv eitt på natta. Kaffebaren har skjenkeløyve utandørs til klokka 24.00, og innandørs til klokka 2.00. Etter dette har kundane ein halv time på seg til å drikke opp varene. Det vil seie at kundane på Kaffebaren ikkje har lov til å drikke alkohol ute etter halv eitt, desse reglane gjeld i markisebygget. Skjenkestyrar Karl Johan Barstad har søkt kommunen om å få utvida skjenketid i markisebygget, men det har han ikkje fått. I kontrollrapporten går det fram at skjenkekontrollørane observerte fleire kvinner og menn som sat ute etter klokka halv eitt og drakk av halvlitersglas. Ein person skal etter klokka eitt ha drukke av ei flaske med rusbrus.

Vatn i vinglaset

Karl Johan Barstad har sendt brev til Ulstein kommune der han kommenterer brota. Han beklagar brota, samstundes har han nokre kommentarar til skjenkekontrollen. Barstad skriv at Kaffebaren vart kontakta av to av kundane som er nemnde i rapporten. Kundane skal ha påpeikt at dei ikkje drakk alkohol. Det var vatn i vinglaset og Clausthaler i ølglaset. Dei skal vere viljuge til å vitne i ei eventuell sak. Barstad hevdar at Kaffebaren fører kontinuerleg kontroll etter klokka halv eitt for å unngå at kundane nyt alkohol ute etter denne tida. Men rusbrusflaskene er så små, at dei er enkle å smugle forbi vaktene.

Kraftig auke av gjester

Karl Johan Barstad skriv at Kaffebaren har fått mange fleire gjester enn tidlegare. Han peiker på fleire faktorar som grunn. Etter at hotellet flytta ned til sentrum dreg mange av gjestene deira til Kaffebaren. Kaffikari stengjer klokka 24.00, etter det kjem ein del gjester over til Kaffebaren. I tillegg kjem ein del leigearbeidarar og andre tilreisande til dei. Sistnemnde gruppa skal ha vanskeleg for å forstå kvifor det ikkje gjeld same reglane i markisebygget som i resten av kafeen.

Tiltak

Kaffebaren har sett i vert ein del tiltak for å betre kontrollen av alkoholsalet. Mellom anna skal Kaffebaren ha auka vakthaldet, med ei fast dørvakt og ei streifvakt. Dei har oppslag i markisebygget og på toalettet. Barstad skriv dei har streng oppfølging av internkontrollsystemet gjennom opplæring og personalmøte. Og dei er aktiv pådrivar for å få til ordensvaktkurs og aktiv medlem i gruppa for ansvarleg vertskap.

Fjerde gong

Rådmannen syner til at det er fjerde gongen Kaffebaren bryt skjenkereglane i løyveperioden 2004-2008. I retningslinene til Alkohollova heiter det at når brot på reglane i alkohollova skjer meir enn tre gonger, kan løyvet inndragast for resten av løyveperioden. Saka skal opp i Helse-, sosial-, og omsorgsutvalet onsdag 29. august, før ho går vidare til kommunestyret neste dag.