Remøy tingar endå eit kystvaktfarty frå Kleven Maritime
Myklebust Verft AS i Gursken har skrive kontrakt med Remøy management i Fosnavåg om levering av eit tredje gassdrive kystvaktfarty.
Designet til det nye fartyet har typenemninga "VS 794 CGV", og er utvikla i nært samarbeid mellom verft og reiarlag. Det er designa av Vik-Sandvik på Fitjar. Desse kystvaktfartya blir dei første i sitt slag som er utvikla med hybrid framdriftsmaskineri basert på gass og diesel.