Det var Terje Haddal som på vegner av kommunestyregruppa til Ulstein Arbeidarparti stilte spørsmål til oppvekst- og kultursjef Leif Ringstad. Ap hadde registrert at Høddvoll barnehage treng tomt for å byggje ny barnehage på. Dette er ein barnehage som går inn i kommunen sin barnehageplan, så her meinte Ap-gruppa det hasta med å gjere noko. Dei hadde òg merka seg at både Grønmyr Barnehage og Perny Austnes er interesserte i å byggje nye barnehagar i kommunen, noko dei meinte var positivt. Haddal ville ha svar på kor mange som står på venteliste for å få barnehageplass. Oppvekst- og kultursjef Leif Ringstad svarte at kommunen har hatt fleire møte for å få til tomt til Høddvoll barnehage. I denne saka har etaten samarbeidd med teknisk etat. Formannskapet vil få ei sak om dette på møtet 27. februar. Ringstad kunne opplyse om at det er om lag ti born på venteliste. Han hadde ikkje sett seg inn i kva media skreiv i denne saka. Men han kunne opplyse om at oppvekst- og kulturetaten har kommunisert til både Grønmyr og Austnes at dei nye barnehagane deira ikkje trengst om Høddvoll får bygt den nye barnehagen sin større. Og om ungar frå andre kommunar får barnehageplass i kommunane dei bur, skal det vere full barnehagedekning i Ulstein kommune.