Vesle pus har funne seg godt til rette med bicon-hunden Pia i sin nye heim på indre Hareid, men vertskapet lurer på om ikkje nokon saknar den vesle kattungen, om han rett og slett er offer for ein ny sport på øya. Han kom til dei for vel ei veke sidan. Dag Halvard Flakk fortel at han sat seg til utafor inngangsdøra og jamra. Han var veldig mager, noko som tydde på at han hadde vore heimafrå ei tid. Ville inn, men dei vegra seg og venta at kattungen til slutt ville gå heim der han høyrde til. Inne var ein liten hund, og korleis ville desse to godta kvarandre. Men då han sat der også neste dag, tykte Flakk så synd i han at han fekk sleppe inn. Det vart ingen konflikt mellom hund og katt, tvert imot vart dei gode vener. Pus får godt stell og har det bra, men kan hende er her nokon som saknar kattungen sin. Flakk opplyser at det er ein kjælen og reinsleg katt. Dei laga til ei kasse med sand, og kattungen gjekk dit og gjorde sitt. Dei sette ut lappar på butikkane og på skulane i Hareid, utan å få tilbakemelding. No lurer dei på om den har kome langveges frå. Dei har høyrt at ungdomar har moro med å ta katter med seg i bilen og setje dei av tilfeldige plassar. Om det er tilfelle for denne småen, kan eigarane bu i bra avstand frå indre Hareid. Kanskje har eigaren gått og ropt og leita i fleire dagar utan resultat. Om dei no kjenner att den vesle kattungen, veit dei kvar dei skal vende seg.
Nyhende →
Veslepus offer for ny sport?
Vesle pus trivs godt hos Pia og ser ikkje ut til å lengte heim, men kanskje er der nokon som saknar kattungen.