To menn i ein Micra: Midt i juli vender Jorulf Myrene og Børre Oddmunn Haanes Waagan nasen mot aust. Frå starten i Garneskrysset skal dei to vere på tur i seks veker, før dei etter planen kjem fram til den russiske byen Ulan Ude, litt nord for grensa til Mongolia. Foto: Andreas Bjerknes

– Kven som helst kan gjere dette i ein moderne SUV

Men det er ingen SUV og slett ikkje ein spesielt moderne bil som er verktøyet når Børre Oddmunn Haanes Waagan og Jorulf Myrene til sommaren snur rattet austover. Målet er Ulan Ude. Vegen er Mongol Rally. Bilen er ein Nissan Micra frå 2003 og den har nok sett betre dagar.