Slik ser bygget ut innvendig.

Tore Hansen Grimstad fortel at det vart svært hektisk og slitsamt dei siste vekene før ferdigstillinga, men han er ikkje i tvil om at dette vesle halvåret har vore det mest lærerike han har hatt. - Det har gitt oss svært viktig erfaring til det framtidige arkitektyrket, slår han fast.

Ungdomshuset er på 200 kvadratmeter og ligg i landsbyen Niafourang. Prosjektet er finansiert av Niaforurangs venner v/ Hilde Huus-Hansen og Lund&Slaatto Arkitekter AS.

- Det var svært spesielt å stå inne i eit så stort bygg som vi sjølve hadde teikna og vore med på å bygge i lag med landsbyen og dei framtidige brukarane, seier Tore.

UTVEKSLING AV KUNNSKAP

Ein del opplegget var å utveksle kunnskap. Det skjedde ved at arkitektstudentane alltid jobba i lag med dei lokale - og på den måten lærte ting av kvarandre.

- Då treverket kom, jobba vi som snekkarar samtidig som det foregjekk murearbeid. Det gav god framdrift i arbeidet. Sidan det ikkje finst bygg med liknande utforming i distriktet, “gjekk rykta” i fleire nabolandsbyar. Tore er klar på at dei aldri hadde greidd å få ferdig huset i tide dersom ikkje alle i landsbyen hjelpte til. Dag etter dag bar kvinnene sandblokker til veggane, borna bar sand og mannfolka hjelpte til med å få dei svære trebjelkane på plass.

- Vi har vore priviligerte som har fått lov til å kome inn i eit miljø og kunne tilføre noko som har vore etterspurt i fleire år, og som kan vere med på å forandre samfunnet, forhåpentlegvis på ein positiv måte, seier Tore.

TIL UTDANNING OG UTVIKLING

Det var Hilde Huus-Hansen, leiar av Niafourangs venner, som hyra inn dei tre arkitektstudentane. Føremålet var å gi utvikling i landsbyen, og muligens også generere arbeidsplassar. Det vart også laga eit bibliotek/datarom, som dei lokale kan drive til nytte for borna og ungdomen i landsbyen. Under opningsfesten streka Michael, leiaren i ungdomsforeininga som tek over huset, under kor viktig det var med utdanning. Han oppfordra ungdomen til å ta tak i livet sitt og satse på utdanning.

- Det var rørande for oss å høyre kor innstilte dei var på å bruke prosjektet til å investere i ungdomen si framtid. Som takk for innsatsen fekk kvar av oss eit diplom frå landsbyhøvdingen.

- Før vi reiste hadde vi også arrangert fleire møte og samlingar der vi diskuterte den framtidige bruken av huset. Folk var svært innstilte på at huset skulle vere med på å gjere landsbyen til noko meir enn han er i dag - så det blir spennande å følgje med korleis det går. Vi knytte sterke band med nokre av dei vi jobba med kvar dag i tre månader, og det var vemodig å seie adjø og reise ifrå dei, fortel Tore.

Dei som vil sjå meir av prosjektet kan finne stoff på heimesida og bloggen - www.projectniafourang.com og www.niafourang.wordpress.com.

*

FAKTA :

Ungdomshus i Niafourang, Senegal.

Grunnflate på over 200 m2.

Teikna, prosjektert og bygd av Andreas Brunvoll, Assad Ansar og Tore H. Grimstad.

Klient: Hilde Huus-Hansen (Niafourangs venner).

Finansiert av: Niafourangs Venner, Lund&Slaatto Arkitekter AS.