Napoli Pizza får heretter skjenke øl og vin til same tider som dei andre restaurantane i Hareid. (Arkivfoto) Foto: einar o trovåg

Napoli Pizza på Hareid, fekk etter vedtak i kommunestyret i november i for, innvilga skjenke- og serveringsløyve etter definerte tider, slik dei hadde søkt om.

Men det viser seg at dei ulike omgrepa for skjenke-, serverings- og opningstider har blitt blanda saman, og at vedtaket ikkje var i tråd med det søkjaren hadde meint å søkje om.

Rådmannen finn det derfor rimeleg å justere skjenketidene slik at dei er i samsvar med skjenketidene til dei andre skjenkestadene, og som dei i utgangspunktet ønska å søkje om.

Levekårsutvalet i Hareid gjekk tysdag inn for at Napoli Pizza skal få skjenke frå 13.00 til 01.00 søndag til torsdag, og frå 13.00 til 02.00 natt til laurdag og søndag.

Uteserveringa skal avsluttast 23.00 alle dagar.

Saka skal til formannskapet i morgon, torsdag 19. januar.