Terje Søviknes vil halde to innleiingar for Ulstein kommunestyre. Den eine er om folkevekst, inntektssvikt og ambisiøse utviklingsplanar. Den andre er om effektive og samordna tenester med fokus på brukaren, der han vil dele erfaringane sine frå Os kommune. Foto: FRP

I innkallinga til stormøtet står der at Ulstein kommune toppar folkeveksten i fylket, samstundes om nytt inntektssystem ser ut til å vere lite gunstig for kommunen.

"Det gjev oss ei klassisk kommunal utfordring – press på tenesteproduksjonen, sannsynleg endring i rammevilkår og høge ambisjonar for lokalsamfunnsutviklinga. Det er fleire kommunar som står overfor desse utfordringane. Vi ha rinvitert ordførar i Os kommune til å gje innspel ut frå erfaringar der. Med dette som utgangspunkt legg vi opp til ein uformell arena, både til inspirasjon, men også som rettesnor for vidare arbeid med planar og enkeltsaker", heiter det i innbedinga frå rådmann Einar Vik Arset og fungerande ordførar Olav Sæter.

Etter stormøtet er det ordinært kommunestyremøte.