Misnøgde med at ein snøggbåtavgang på kveld er fjerna
Då ein delegasjon frå samferdselsavdelinga på fylket kom til Hareid tysdag, stod ordførarane og leiaren i MAFOSS på kaia for å uttrykkje misnøye med at snøggbåtavgangen som korresponderer med flyet som går frå Oslo klokka 19.00 er tatt vekk.
Ordførar Gunn Berit Gjerde overrekkjer kommentarane om dei nye snøggbåtavgangane til Arill Fugelseth i samferdselsavdelinga på fylket. Med i delegasjonen som kom til Hareid var også Kjell Erik Dyrlid (samferdselsavdelinga), Peter Hansen (Nord-Ferjer Hordaland, Freider Johansen Nor-Ferjer Stavangr), Are Aksnessæther (MRF) og Øyvind Iversen (Veolia Transport Nord, region Hordaland). Ordførar Arnulf Goksøyr (heilt til høgre). Også ulsteinordførar Hannelore Måseide stiller seg bak innvendingane til dei nye rutene.