Personane som vart testa hadde 0,0 i promille. Foto: Kristian Våge

To menn vart laurdag observert i salongen på ferga der dei drakk øl. Etter fergeturen sette dei to personane seg i ein bil, men på Hareid vart dei stoppa av politiet grunna tips om promillemistanke.

Sjåføren vart testa på staden, men promilletesten viste 0,0 i promille. Personane vart då dimitert og fekk køyre vidare.

Roleg helg

Det har elles vore ei roleg helg for politiet i Ulstein og Hareid. Operasjonsleiar opplyser om at det har kome eit par klager angåande høg musikk og nokre meldingar om ordensforstyrringar, men utover det har det vore lite å ta tak i.