Jan Ove Ulstein Foto: Synnøve Overå Hide

Torsdag kveld blir det seminar i kyrkja. Sokneprest Margit Lovise Holtesaman med teolog, forfatter, salmediktar og poet, Jan Ove Ulstein.

Jan Ove Ulstein vil snakke om det arbeidet han har vore involvert i i høve nyomsetjinga.

- Vi vil få eit innblikk i dei indre sirklane i omsetjingsgruppa, det blir drøfting av dei omstridte språklege løysingane på ordnivå, vi får døme på omsetjing før og no, innsikt i arbeidet med å finne det rette kroppsspråket og metaforane, fortel Ståle Helvig på vegner av arrangørane.

Jan Ove var særleg inne i arbeidet med profeten Esekiel. Nokre av eksempla vil bli henta frå denne boka.

Margit Lovise Holte vil ha som utgangspunkt språket i Bibelen som bruksspråk og kyrkjespråk, og korleis bibelomsetjinga gjer nye perspektiv til forkynning og formidling.

- Bibelomsetjinga er også ei stor kulturhending, så kvelden vil også bli prega av kultur: Organist Ståle Helvig blir med, kateket Bjørn Losvik blir med, Oddbjørg Vartdal vil lese frå Bibelen, Oline Aksnes deltek med solosong, og det blir allsong:

Neste år er det ny salmebok ut, og vi vil nok smake på noko herifrå. Vel møtt!, avsluttar Helvig.