Hareid kommune eig eigedomen "Storelva Elektrisitetsverk" i Brandal, ein eigedom som i si tid vart nytta til kraftproduksjon, men som no har lege i dvale i meir enn 50 år. I eit samrøystes vedtak har Hareid formannskap bede administrasjonen i kommunen førebu ei sak om den framtidige bruken av eigedomen. Med dette vil politikarane i Hareid sjå på om det let seg gjere å utnytte ein ressurs som ikkje har vore utnytta på lang tid.

Poppa opp tidleg på 1900-talet

Då behovet for elektrisk kraft melde seg i mange småbygder etter 1900-årsskiftet, tok det til å "poppe" opp ei rekke små, private kraftverk. I Hareid kommune kom det første i 1912 i Ytredalen i Brandal. Dette verket hadde ei fallhøgde på 70 meter og gav straum til parthavarane sine heimar og Petter S. Brandal sitt sildoljedamperi og salteri. Verket vart nedlagt i 1939 - og ei stund etter selt til Lisje-Standal i Hjørundfjorden. Seks år etter at Brandal hadde fått kraftverk i Ytredalen kom kraftverket i Indredalen, det såkalla Storelvens elverk. Det vart bygt ein dam slik at verket hadde stabilt tilsig til døgndrift. "Storelven" leverte kraft til dei fleste heimane i Brandal. "Storelven" hadde eit fall på 70 meter og om lag dobbelt så stor kraftproduksjon som verket i Ytredalseva hadde hatt. I 1928 tok Hareid kommune over eigedomen - og dreiv verket fram til nedlegginga i 1955. Hjørungavåg fekk småverk i Vågselva i 1917. I sentrumsbygda hadde Teigene guanofabrikk først vasshjul, seinare ein vassturbin. I 1918 vart vassturbinen påkopla ein dynamo, som leverte straum til fabrikken og mesteparten av sentrum fram til Holstad. Hareid kommune bygde ein kommunal kraftstasjon i Hareidselva på indre Hareid i 1919. Han tok vatn frå eit damanlegg lenger oppe i elva. Denne stasjonen var i drift fram til 1961. I 1947 kom Nesset kraftstasjon i Snipsøyrdalen. Denne stasjonen er den einaste som produserer straum i Hareid i dag, men no står Tussa Kraft som eigarar.