Sunnmøre Tamilske Forening sitt styre. Framme frå v.: Vashanti, Mangayakarasi, Rani og Rajani. Bak frå v.: Ketheswaran, Jeyaseelan, Ravi, Termalingam og Balasingam. Foto: Leiv Arne Grimstad

Styre for 2010 er slik:

Jeyaseelan Jayaram (leiar), Tarmalingam Vaitheeesvaran (nestleiar), Vashanti Jeganathan (sekretær), Ravi Mylvakanam (kasserar), Ketheswaran (Kannan) Subramaniyam (rådgjevar), Rajani Sivapalan (skuelansvarleg), Rani Nadesvaran (sportsansvarleg), Mangayakarasi Tarmalingam (kulturansvarleg) og Balasingam Mylvakanam (utstyrsansvarleg).

Foreninga arrangerer tempeldag på Hareid ungdomsskule den første fredagen i kvar månad. Frammøtet i gjennomsnitt har vore ca 20.

Skulearbeidet held fram som før. Morsmålet og tospråklegheit er ein ekstra kompetanse for elevane. 23 barn deltok i undervisninga kvar søndag frå klokka 12 til 15 det siste året, med Hareid ungdomsskule som undervisningslokale. Elevane har vore inndelte i fire grupper. Seks vaksne har jobba som lærarar. I tillegg har ungdomsskuleelevar fått undervisning i ordinære skulefag på tamilsk - noko som gjer at elevane har fått betre fagleg forståing.?

Skulen har hatt eit bedriftsbesøk ved Kleven verft saman med elevar, foreldre og søsken.

Den tamilske danseskulen held fram som før (baratham/klassisk dans) på Hareid ungdomsskule, og deltakarane er frå 8 til 18 år. Dei kan fullføre heile utdanninga og ta eksamen her i Norge.