Sokneprest Jens Terje Johnsen har fått karantene frå prestegjerninga i tre månader. Arkivfoto av Herøy kyrkje. Foto: Leiv Arne Grimstad

Vestlandsnytt melder i dag, onsdag 26. mai, at soknepresten i Herøy er permittert i tre månader mot si vilje.

I følgje kjeldene til Vestlandsnytt skal bakgrunnen for karantenen vere "samarbeidsproblem" mellom Johnsen og dei andre tilsette på kyrkjekontoret. Til Vestlandsnytt hevdar bispekontoret at Johnsen er ute i studiepermisjon. I same avis seier soknepresten at studiepermisjonen er ufrivillig.

– Ikkje fått karantene

Stiftsdirektør Jan-Egil Korseberg i Møre Bispedøme presiserer til Vikebladet Vestposten at Jens Terje Johnsen ikkje har fått karantene.

– Hos oss bruker me ikkje slike ord, seier han. Dei kan snakke om suspensjon, men det meiner han det ikkje er snakk om her.

– Han har studiepermisjon. Og det er rett at der er samarbeidsproblem, det kan det vere òg på andre arbeidsplassar, legg Korsberg til.

Biskop Ingeborg Midtømme var ei veke ved kyrkjekontoret i Herøy i februar. Då skal ho ha opplevd utfordringar i arbeidsmiljøet der.

Korsberg hevdar at Johnsen og bispedømekontoret i samarbeid kom fram til at det beste var at Johnsen fekk studiepermisjon i tre månader, som ein slags time-out. I tillegg skal Johnsen avvikle ferie, så han er tilbake i jobben i midten av september.