Skulen for dei som har demens i familien skal gå over 2-3 kveldar. Edny Nærø i omsorgsetaten opplyser at dei desse kveldane vil ha med legar og andre fagpersonar som kan setje lys på kva problem som knyter seg til det å ha nære slektningar som er råka av demens. Når "skulen" er ferdig, er tanken at dei som ønskjer det kan danne sjølvhjelpsgrupper. – Sjølvhjelpsgrupper kan vere eit effektivt hjelpemiddel. I desse gruppene kan pårørande til demente dele erfaringar og støtte kvarandre, forklarer sjukepleiar Kari Janne N. Ringstad. Ulstein kommune har bestemt seg for å betre demensomsorga. 47 tilsette i kommunen skal derfor vere med på eit kurs i demensomsorg som går over to år. Målet med kurset er å gje betre hjelp til familiar som slit med demenssjuke. Kommunen har engasjert Britt Andreassen i ei halvårleg prosjektstilling til å ha ansvaret for opplegget kring sjølvhjelpsgruppene. Ho opplyser at det etter kvart er planar om å starte sjølvhjelpsgrupper også innan andre felt. Dersom nokon er interesserte i å vere med på pårørandeskulen for demente, kan dei ta kontakt med anten Edny Nærø på tlf. 70017803, eller Kari Janne N. Ringstad, tlf. 70017815 for nærare opplysningar. Opplysningar om kurset er dessutan lagt ut på Ulstein kommune si heimeside.
Nyhende →
Byr inn til pårørandeskule og sjølvhjelpsgruppe
Pårørande til demente kan ha god nytte av pårørandeskulen og sjølvhjelpsgruppene som omsorgsetaten i Ulstein vil starte rett over nyttår.