Det har vore eit travelt og viktig år for dei tilsette ved NAV Hareid, med mykje omstilling og opplæring. Innan utgangen av 2009 skal omstillinga i NAV vere ferdig. – Vi er glade for at vårt NAV-kontor vart etablerte sopass tidleg i prosessen, dermed kan vi bruke tid til å få på plass kompetanse og rutinar, seier leiar ved NAV Hareid, Ingunn Rise. Omfattande reform NAV-reforma er den største forvaltningsreforma i nyare norsk historie, og for NAV Hareid omfattar den om lag 12 årsverk. Reforma er krevjande for dei tilsette og har stor innverknad på dagleglivet for mange av innbyggjarane i kommunen gjennom endringar på mange område. – Vi set stor pris på og takkar for at publikum og brukarar er tolmodige med oss, og vi har stor forståing for at enkelte meiner dei har fått eit dårlegare tilbod og mindre service enn tidlegare, fortel NAV-leiaren. Skal verte enklare NAV Hareid handsamar om lag 1700 søknader om frikort på eigenbetalingar til lege, reise og medisin kvart år. Tidlegare kunne ein få dette kortet utlevert på trygdekontoret, men etter omstillinga vert dette no utsendt frå ein enkelt stad i landet. Frå 2010 vert denne ordninga automatisert og alt skal sendast og returnerast gjennom posten. Retten til frikort er ikkje endra, og vert organisert slik at brukarane skal få den hjelpa dei treng. Med NAV-reforma skal òg brukarane kunne ordne mange ting heimanfrå, anten det gjeld bestilling av helsetrygdekort, byte av fastlege, registrering som arbeidssøkjar eller sending av meldekort. – Men alle som treng hjelp eller har spørsmål kan stikke innom hos oss, så skal vi hjelpe så godt vi kan, seier ho. Ei rekkje oppgåver er flytta over i spesialeiningar som foreldrepengar, sjukepengar, dagpengar, pensjon og barnebidrag med den nye reforma. – Denne delinga er gjort for å sikre god og lik kvalitet på sakene over heile landet og for at NAV på lokalt plan skal kunne konsentrere seg om primæroppgåver som individuell oppfølging og rettleiing. Målet med reforma er å få fleire i arbeid, utvikle tenester som er enklare for brukarane og som er meir tilpassa kvart enkelt behov, forklarar Rise. Vert betre I samband med innføringa av den nye NAV-reforma har NAV over heile landet vorte kritiserte for lange ventetider og lang saksbehandlingstid for brukarane. Rise forsikrar om at dette skal verte betre. – Det er ei veldig omfattande endring vi har gått inni, så ein kan ikkje forvente at alt skal gå på skinner heilt ifrå starten av. Eg er sikker på at resultatet vert bra til slutt, sjølv om vi ser at vi enno ikkje er i stand til å gjere ein god nok jobb for alle. Vi håpar at vi kan bruke 2009 til å utvikle tenestene våre til beste for alle innbyggjarane i kommunen, seier NAV-leiaren som understrekar at dei nettopp har hatt ein dugnad på behandling av saker, slik at saksbehandlingstida skal verte kortare for kvar enkelt brukar.