Den 38-årige tobarnsmora frå Flø er den eine av SV sine to representantar i kommunestyret siste periode, og har og hatt plass i Oppvekst- og kulturutvalet. - Ho er tydeleg i sitt engasjement, og målber SV sine synspunkt godt i kommunepolitikken – noko ho og vart takka for med blomar på nominasjonsmøtet. Vi er stolte over å ha deg, sa leiaren i lokallaget, Hallgerd Conradi. SV har ved kommunevalet 2007 kumulert to på topp. Den andre representanten er heilt ny i kommunepolitikken, men med bakgrunn frå idrettsarbeid i Haddal og grendalaget i Eiksund: Morten Feiring. Han er agronomututdanna og bur i Eiksund. Feiring er dagleg leiar i landbrukstenesta for bøndene på ytre Sunnmøre. Han er som Vivian oppteken av miljø, omsorg og oppvekst, og har eit stort engasjement for levande krinsar. - Nominasjonsnemnda har i år elles arbeidd med å få til ei valliste som syner variasjon i alder og livsrøynsler. Det har ikkje vore lett å få småbarnsforeldre og dei heilt unge med, og heller ikkje dei som representerer andre kulturar. Når nemnda likevel kan presentere ei liste der ein har fått desse gruppene med, er det ekstra gledeleg, meiner lokallagsleiaren. - No vonar vi at desse kan vere med å gi bidrag til kommuneprogrammet og elles vere ein ressurs for kommunestyregruppa når ein treng råd i ulike spørsmål. Karen Randi Festøy, som var i kommunestyret førre periode og troppa inn då SV sin andre faste representant døydde i fjor vår, ba seg friteken frå å stå på lista. Festøy har over år vore ein viktig støttespelar for laget, men ho ønskte no at yngre krefter måtte ta over. SOSIALISTISK VENSTREPARTI Valliste for kommunevalet i Ulstein for 2007 1. Viviann Roppen 1968 Flø 2. Morten Feiring 1958 Eiksund 3. Oline Botnen 1974 Flø 4. Johanne Sølvi Bøe 1952 Ulsteinvik 5. Hallgerd Conradi 1949 Ulsteinvik 6. Kari Waldahl Eide 1957 Hasund 7. Erling Ove Flø 1958 Flø 8. Susanne Gjerde 1988 Haddal 9. Gry – Anita Grønmyr 1970 Ulsteinvik 10. Kari Høyvik 1953 Ulsteinvik 11. Jan Nordahl Høie 1947 Ulsteinvik 12. Jostein Kursetgjerde 1945 Ulsteinvik 13. Arvid Kvalheim 1949 Ulsteinvik 14. Lena Værnes Løseth 1970 Ulsteinvik 15. Olav Sverre Lynge 1942 Flø 16. Trudi Eikrem Moniz 1966 Ulsteinvik 17. Steven Pushparajah 1960 Ulsteinvik 18. John Osnes, Hofset 1947 Ulsteinvik 19. Jostein Overå 1942 Ulsteinvik 20. Hilde - Gunn Ringstad 1945 Ulsteinvik 21. Karin F. Staurvik 1952 Ulsteinvik 22. Håkon Steinnes 1980 Ulsteinvik 23. Ann Ingvil Tødenes 1962 Haddal 24. Ina Velsvik 1988 Hasund 25. Eldrid Vik 1952 Ulsteinvik ______________ ____________ Hallgerd Conradi Johan Ottesen tillitsvalt for lista tillitsvalt for lista