Det var i oktober 2006 at NVE avslo Tussa Nett AS sin søknad om å få leggje jordkabel i staden for ei 132 kV luftleidning frå Hareidsberget til Kaldhol, som er ein del av den planlagde overføringa frå Sula til Hareidseidet. I november klaga både Tussa Nett og Hareid kommune på avslaget. 20. mars kom den gledelege meldinga frå NVE om at klagarane har fått medhald. Hareid kommune klaga også på avslaget frå NVE med den grunngjevinga at ei luftleidning vil bli svært synleg og dominerande, og framstå som eit unødvendig infrastrukturitiltak i det opne terrenget. Dei meiner også at ei luftleidning vil føre til fleire restriksjonar enn ei jordkabelløysing, som er meir framtidsretta. Til slutt syner dei til at kommunen saman med grunneigarane har engasjert seg i finansieringa av meirkonstanden for jordkabel på strekninga, mellom anna gjennom fri avståing av grunn. Meir om saka i papiravisa torsdag.