På møtet kjem Kåre Gjengedal som står bak dei to framlegga til reguleringsplan for skuleområdet og fram til Reiten. I tillegg vil Vikemyra Vel leggje fram sitt tredje alternativ til regulering. Det er ordførar Hannelore Måseide som skal styre ordet og ho lovar at det skal bli rikeleg med tid for alle som møter fram til å seie meininga si. Kommunen vil stille med referent som skriv ned innspela som kjem, så dei kan ta dei med seg vidare i arbeidet.