Elle Melle Barnekle har halde til i Kyrkjegata sidan oktober 2003. Butikken kjem truleg til å stengje for godt om vel ei veke. Bak Elle Melle Barnekle står Evy Anne D. Sundal, Bente Saunes Ulstein og Mimmi Kvalsund Ulstein. Sundal seier til Vikebladet Vestposten at det for hennar del er helsemessige årsaker til at ho sluttar. Ho slit med yrkesskade etter mange år som frisør, og har ikkje blitt betre etter å ha stått på butikk eit år. Eg må derfor gjere noko heilt anna forklarer ho. Dei andre eigarane har valt å satse på andre område. Det er eigentleg synd at butikken blir lagt ned. For vi har hatt stigande salskurve, og han går med overskot. Vi prøvde å få selt han, men ingen var interesserte, opplyser Sundal.
Yes seier stopp
Også leike- og gåvebutikken Yes annonserer opphøyrssal. K.L. Hareide, som har drive landhandel på Hareid heilt sidan 1908, flytta for fem år sidan til Bjørndalsvegen i Ulsteinvik, og etablerte seg med kjeda Yes. Grete Hareide seier til Vikebladet Vestposten at ho her etter ikkje har lyst til å drive for seg sjølv, men at ho framleis likar godt å stå på butikk. - Skulle vi halde fram med butikken i Ulsteinvik burde vi nok flytta inn i eit varehus, og det har eg ikkje lyst til. Mellom anna på grunn av dei lange opningstidene, forklarer ho. Også Grete Hareide har prøvd å selje butikken, utan å lykkast. Ho reknar med at Yes vil halde ope til midten av februar. Men sjølv om Yes legg ned, er det ikkje slutt på firmanamnet K.L. Hareide, for selskapet leiger ut lokale på indre Hareide. Dermed kan det gå mot 100 årsjubileum neste år likevel.