Det må skaffast minst 1200 plassar om alle skal få ønska sine oppfylte. - I fjor klarte vi å skaffe plass til rundt 70 prosent av alle som søkte. No er målet at vi skal kome høgare enn dette, seier rådgivar Anita Steinbru i Møre og Romsdal fylke i samtale med Sunnmørsposten. Det som kan hjelpe mange unge til å skaffe seg ei fagutdanning, er at arbeidsløysa i fylket er svært låg for tida. Det er særleg privat sektor som har bidrege med lærlingplassar. Men no trengst det fleire plassar i statleg og kommunal verksemd. - Faget "helsefagarbeidaren" kjem for fullt frå hausten 2008, og då snakkar vi om eit svært høgt tal på lærlingplassar, seier Anita Steinbru.