Feiringa av overgangen til eit nytt år har skjedd utan store, dramatiske ulykker eller lovbrot. Men politiet har hatt mykje småpjask å bale med og måtte nyttårsaftan reise i skytteltrafikk mellom Fosnavåg, Ulsteinvik og Hareid. Natt til 31. desember fekk politiet melding om at ein guteflokk på Hareid hadde gjort ei postkasse om til utskytingsrampe for fyrverkeri. Sjalusidrama i Ulsteinvik Seinare på natta kom det melding om at ein mann i Ulsteinvik var truga med kniv. To personar var innblanda i brotsverket. Medan den eine mannen truga med kniv, gjorde ein annan kar skadeverk på bilen hans. Identiteten på dei to mennene er kjend. Femten minutt seinare fekk politiet endå ei valdssak i Ulsteinvik. Ein mann hadde trengt seg inn i eit bustadhus og slått mannen som budde der. Bakgrunnen for misgjerninga er truleg ein samanstøyt mellom dei to personane tidlegare på kvelden. Mannen som vart slått har ikkje fått alvorlege personskadar, men forholdet vil bli meldt. Knust rute i Fosnavåg Klokka 01.39 nyttårsaftan vart det oppdaga at ei vindaugsrute i lokalet til Møretrygd i Fosnavåg var knust. Kvifor ruta er knust veit ikkje politiet. Nyttårsaftan vart også nokre store blomsterpotter som stod plasserte utanfor slaktar Brudevoll i Ulsteinvik velta, og det var vitne som såg kven gjerningspersonane var. Tjuvar i lukka selskap Seinare på natta kom det nok ei melding frå Fosnavåg, der det var lukka selskap på hotellet. Rundt klokka 04.00 oppdaga nokre av gjestene at både kamera, mobiltelefonar og vesker var borte. I følgje politiet går mistankane i ei konkret retning, og nokre av gjenstandane er alt komne tilbake til eigarane. Men ein del eignaluter, blant anna eit digitalt kamera, er framleis på avvegar. Lei seg vart også drosjesjåføren i Fosnavåg som nyttårsnatta fekk rive taxiskiltet av taket på drosja. Sjåføren vurderer å melde personen som utførte misgjerninga.