Boka til Løseth vert den fyrste i bokserien "Livsspor" som Spor Forlag i Ulsteinvik skal gi ut. Hennar bok er opphavet til bokserien som skal handle om menneske som har sett spor etter seg, og som har ei historie å fortelje. Det kan vere idretts- eller kulturpersonlegdommar, men òg slike som har opplevd noko spesielt.

Sterk historie

Wenche Løseth har ei spesielt sterk historie, fortel Einar Grimstad, ved Spor Forlag. Løseth kom til han med bokideen i fjor, og han likte forslaget. No er boka hennar snart for sal. Grimstad meiner Løseth er ei bestemt og svært bevisst dame. Ho har skrive heile boka med ein finger!, seier han. Sjølv har han møtt henne ved fleire høve og diskutert bokutgivinga, og han veit det ligg mykje arbeid bak historia. Det er meininga at boka skal vere i sal over heile landet så snart den er trykt opp, og endåtil Helse- og sosialdepartementet har vist interesse for prosjektet. Eg har blitt kontakta av "Genetisk veileder" i departementet. Han arbeider med sjeldne syndrom, mellom anna "Locked in-syndrom" slik som Løseth har. Departementet har tidlegare vore med å støtte utgivingar som har vore knytt til deira fagfelt, og vi vil sende over det ferdige manuskriptet til dei med ein gong det er klart, seier Grimstad.

Eigne erfaringar

Boka skal skildre mine erfaringar sidan 8. mars 2000, då livet mitt vart snudd på hovudet, fortel Løseth. Etter blodproppen har Løseth vore lam og lenka til rullestolen. Ho har likevel aldri gitt opp kampen om eit "normalt" liv. I dag arbeider ho med data og informasjon i Sætra barnehage, ho køyrer bil og bur aleine. Eg forandra meg mykje reint fysisk den dagen, men mentalt er eg akkurat den same som før, fortel ho. Ho håpar boka kan vere til hjelp for andre i liknande situasjonar, men ho søkjer òg å endre samfunnet sin tenkjemåte rundt personar som til dømes sit i rullestol. Måten samfunnet ser på meg vart endra, sjølv om eg er heilt mentalt oppegåande, fortel ho. Mykje av boka handlar om hennar tankar rundt det å bli fanga i eigen kropp. Eg var ikkje bevisstlaus, men eg klarte ikkje å kommunisere med omgjevnadene den fyrste tida, forklarar ho.

Mykje eksempel

I boka har ho brukt mykje eksempel for å understreke kva ho meiner. Det har endatil vore situasjonar der folk ho kjenner godt har behandla ho som luft og etterpå sagt "stakkars henne" bak ryggen hennar. Dette er slikt ho ofte høyrer, men ho har valt å ikkje ta opp kampen der og då. I staden skriv ho frustrasjonane ned på papiret, det er noko ho har gjort heilt sidan ho fekk kontrollen tilbake i eine fingeren i venstre handa. Det var etter eit opphald på Sunnaas sjukehus i fjor at eg bestemte meg for å lage bok av notatane mine. Eg fekk forståing for at det var eit behov for å dele opplevingane mine med ålmenta. God kommunikasjon er nemleg viktig, peikar ho på. Ho synast det er heilt greitt at folk spør om situasjonen hennar, for då får ho seie det slik det er. Det er mykje betre enn å skygge unna.

Tøff avgjerd

Løseth synast det var tøft å avgjere om ho skulle gi ut boka. Ho må trass alt utlevere både seg sjølv og sine næraste. Det var ein prosess eg måtte tenkje nøye igjennom, for eg har ikkje sminka på noko. Dette er mi historie. Men familien min støttar meg, og då følte eg det var rett avgjerd å ta, seier ho. Ho håper boka bidreg til at samfunnet tenkjer annleis når dei ser ein person som ikkje er heilt som alle andre. Det er ikkje lett å vere 46 år og bli oppfatta som ein som ikkje kan ta vare på seg sjølv, slår Løseth fast. Eg er eit sjølvstendig individ som har eit tilnærma normalt liv, eg ynskjer at samfunnet skal opptre heilt normalt overfor meg, seier ho vidare. Ho har ikkje eit ynskje om å henge ut nokon i boka, det einaste ho ynskjer er å informere og setje ting på dagsorden. Løseth forsikrar om at dette ikkje er noko "tårebok", men den skal vere til ettertanke. Ho har sjølv overlevd ein traumatisk situasjon, men ho spør seg sjølv: kva slags samfunn er det eg har overlevd til?